Jenter på tur

My blogs

About me

Introduction Vi er fire jenter som skal på tur. På tur ut i den store vide verda. På tur til eit anna kontinent. Til eit spanande kontinent. Vi skal til Afrika! Nærmare bestemt til Etiopia. Her skal vi vere i praksis på ein av skulane til New Life Community. I fem veker. Vi grugledar oss. Ser fram til møtet med ein ny kultur, med nye lukter, smakar og lydar. Gler oss til å møte nye menneske og å høyre deira historier. Det er heilt sikkert at vi (Lene, Eline og Synnøve) kjem til å savne ektemenna våre og (Benedikte)sin tilkomande ektemann. Men vi er glade for å få reise på tur ilag.Vi er priviligerte som har fått denne muligheten. Forhåpentligvis vil vi lære av utfordringane som møter oss, sprengje nye grenser, få nyttige erfaringar, verte kjent med fine folk og få eit minne for livet. Kjekt at DU vil følge med på bloggen vår!