Hanne

My blogs

About me

Gender Female
Industry Education
Occupation Adjunkt med tilleggsutdanning
Location Norway
Introduction Den 8.oktober 2012 fekk eg brev i posten om at eg hadde fått påvist cøliaki, og at eg måtte legge om kosten. Det er mykje mat som er naturleg glutenfritt, og det å legge om kosten er ikkje så vanskeleg som ein kanskje trur. Eg for min del har valgt å sjå det positive i det - eit sunnare kosthold! Vaflene på jobb som eg ikkje klarte å takke nei til (sjølv kor bestemt eg var på at ej skulle gjere det), må eg takke nei til no. Eg kan ikkje lenger fråtse frå kakebordet i selskap, og sidan eg ikkje er så begeistra for dei glutenfrie brød/knekkebrødvariantane, har karbohydratinntaket blitt betydeleg mindre. Glutenfritt eller ei, å lage mat er min strore lidenskap, og eg vil på denne bloggen skrive ned oppskrifter og tips etterkvart som eg kjem på dei sjølv.