Jo Sølve
| Location | Norway |
|---|---|
| Introduction | Eg er 22 år, og bur for tida i Oslo der eg studerer Europastudier. For dei som måtte lura på kva det er, så er det ei blanding av historie og statsvitskap, med ei særleg vekt på EU. Her skal det leggjast merkje med at eg ikkje har endra standpunkt i EU-spørsmålet etter at eg byrja å studere, eg er framleis ein mann mot EU. Som namnet på denne bloggen kanskje antydar, så spelar eg mandolin. Innerst inne er eg musikar, og kanskje kan eg ain dag få oppleva at mandolinen vert verdsett som det instrumentet det er, ikkje berre som eit useriøst "bestefar hadde ein slik"-wannabe-instrument. Sånn utanom det vart eg trulova med mi kjære Åshild den 02.02.2007. Ei fantastisk jente som eg skal gifta meg med neste sommar. Dersom de undrast på noko meir om meg er det berre å stilla spørsmålet til Åshild. Ho kan mest truleg svare på kva det måtte vere. |
