marihøna

My blogs

About me

Gender Female
Industry Student
Location Balestrand, Sogn og fjordane, Norway
Introduction Hei alle saman! Eg bur i den vakre turistbygda Balestrand saman med min sambuar og mine to tenåringsdøtre. Tidlegare har eg arbeidd ein del med salg og service, men i 2007 bestemte eg meg for å skifte beite og begynte då på denne utdanninga. Heilt frå eg var liten har eg vore veldig glad i å vere ute i naturen og har mange fine naturopplevingar i min "ryggsekk". Eg er oppvaksen på kysten i Sunnfjord, så i barndomen dreiv eg mykje med utforsking i fjøra. Småkrabbar, skjell, tang og tare, tanglopper og sjøstjerner, livet stoppa opp og ein gløymde alt rundt seg. Det å dra krabbeteiner huskar eg at eg synest var spesielt spennande....kor mange krabbar var det i kvar teine? Etterpå kokte vi krabben og prøvesmakte ei krabbeklo, mmmmmm nydeleg. Som vaksen brukar eg naturen til trening og rekreasjon. Alle dei flotte estetiske opplevingar ein får ved å ha nærhet til naturen gir kroppen påfyll av ny energi og gode opplevingar. Som førskulelærar vil eg prøve å lære barna til å bli glad i naturen og vise respekt for den. Eg vil arbeide for å gje barn fine naturgleder slik at det dannar eit godt grunnlag for eviglangt nært og godt forhold til naturen.