Monica Vermeer

My blogs

About me

Industry Arts
Location Ulsteinvik, Møre og Romsdal, Norway
Introduction Monica Vermeer er ein kunstnar som malar natur, naturformer og menneskelege uttrykk i sterke fargar, som oftast i acrylmaling. Kva farge betyr i maleriets uttrykk, kva er styrken av kvar enkel farge, og korleis påvirker fargane kvarandre? Det er utfordringar ho har jobba med sidan ho gjekk i kunstskulen (Hogeschool voor de Kunsten in Arnhem, Nederland), og forsatt er dette aktuelt i måten ho utvikler seg. Etter at ho flytta med familien sin til Norge i 2007, starta ho å male igjen etter fleire år med mindre tid til dette. Før flyttinga brukte ho malekunsten for det meste som metode i å jobbe med pasientar i forskjellige psykiatriske sjukehus. I Norge var det naturen som sette ho i gong igjen med å male, og ho starta også med å halde malekurs. I 2008 starta ho ei lita verksemd Art-cetera, der ho tilbyr malekurs i både abstrakt og portrettmaling i akryl. Ho hadde mange fornøgde elever. I kursa handler det om å finne inspirasjon og motiv, og om korleis det kan byggast opp til eit måleri / komposisjon / portrett ved å jobbe med flatene, malt med store og breie pensler.