"I og med Kristus"

My blogs

About me

Introduction Volda Frikyrkje vart stifta tidleg på 90-talet, i starten var det 20 medlemar. I dag har vi nådd 100 medlemar og er ein høgst levande kyrkjelyd. Vi har gudsteneste ca.3 søndagar i månaden og har søndagsskule parallellt med gudstenesta. Resten av veka foregår det ulike aktivitetar for store og små i kyrkja. Vi har ein pastor ansett i 80%stilling. Hausten 2010 vil vi og ha ein Familiekonsulent ansett i FriBU 50% tilknytt til kyrkjelyden. Volda Frikyrkje er ein del av Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja i Noreg. Kyrkjelyden vert styrt av eit Eldsteråd og kyrkjelydsmøtet der alle medlemar har stemmerett. Vi har og eit diakonråd som tar seg av dei praktiske gjermåla på kyrkja. Våren 2010 starta vi å planlegge utviding av kyrkjebygget. Vi håper å lage plass til 180 menneske i møtesalen, samt frigjere areal til andre aktivitetar. Og i skrivande stund, våren 2012, kan vi konstantere at bygginga er godt i gong. Vi gler oss til å ta i bruk den utvida kyrkja vår!