tj

My blogs

About me

Introduction Historia om korpset startar i 1954, då vart det halde møte på Folsæ. Det vart sett i gang pengeinnsamling for å få pengar til instrument. Det vart samla inn 5000 kroner. 15.mars 1955 var Fyresdal Musikklag stifta på Gimle Skule. Fyrste øvinga vart halde palmesundag 3. april 1955.Ingen hadde spela før, ingen kunne ei einaste note. Stubø som var dirigent, sa at det høyrdes ut som stuten på Folsæ. 17. mai same år hadde dei fyrste opptreden, dei spela: Jeg vil verge mitt land(det var faktisk nokre som høyrde melodien). 1. mai 1956 kaupte dei sine fyrste uniformar (jakke og lue). Dei var bruka og vart kjøpt frå Herøya Musikkorps. 1. mai 1959 fekk dei bukser, så då hadde dei full uniform. 6. – 7. juni 1959 var korpset på sitt fyrste stemne, på Rjukan. Våren 1961 slutta Stubø som dirigent. Dirigentar etter han var Sigurd Moghus, Knut Negard, Henanger.