Vrangmaska

My blogs

Blogs I follow

About me

Gender Female
Location Uskedalen, Hordaland
Introduction Aldri ein dag uten strikking, då er det i alle fall ikkje ein god dag for meg. Og meg, det er nettopp meg, 34 år og ganske lykkelig småbarnsmor. Strikking og garn vil nok bloggen bera sterkt preg av, men eit og anna sidespor sneiar eg nok innom. Eg trur eg var rundt 7-8 år når eg begynte å strikka, men jammen var eg litt tunglært og stridig. Mi kjære Farmor gav i alle fall opp å læra meg å strikka hæl og hekla. Hekla kan eg fortsatt ikkje, men heile to hælar har eg fått på reportoaret! Garngalskapen min (garnlageret er per i dag på vel 155 kilo garn frå inn og utland) starta då naboen til foreldra mine kom opp med ein heil søppelsekk med garnrestar når eg var 9 år gammal. Litt av garnet har eg ennå, men jammen har nøstene yngla i korger og kassar! Sånn innimellom strikkinga så lage eg litt middag og vaske kler for dei tre andre som bur her. Han eg dele huslånet med, eldstejenta født i 03 og minstejenta fødd i 2011. Huset, der eg av og til jage litt hybelkaninar, ligg fint plassert midt i Uskedalen.