Fivrel
| Gender | Female |
|---|---|
| Occupation | Mor, husmor, gardkone, dyrlækjar, autodidakt, bibliofil, amatørbotanikar, hobbygartnar og Heks på si...! |
| Location | Sør-Noreg, Norway |
| Introduction | Eg er ei 32 år gamal jente frå ei lita bygd, ein grøn dal, med høge, blankskurde fjell og ei lang, buktande elv i botnen. Eg har dyr som glede, interesse og yrke; eg er lukkeleg med jord under neglane og hestelukt i håret, med ein tjukk ullgenser og veik ange av bålrøyk mellom trådane. Eg drøymer om eit drivhus og meir tid til å spinne på rokken min og garve fleire saueskinn. Lengtar etter fuglesong og stille, og gler meg dagleg over å bu i eige hus med vedomn og lukt av nybaka brød. Eg brenn for det grøne livet, for det som varer, det som er. Eg elskar forteljingar, kinesisk te, å strikke med bambuspinnar og naturleg ull, å plukke bær, stelle med dyra mine, og å sitje ved eit bål når dagen dovnar og skyming fell, med mine kjære smilande, tett inntil - |
| Interests | Natur, dyr, fuglar, planter, hage, friluftsliv, økologi, litteratur, språk, musikk, spinning (på rokk!), strikking, nålebinding, estetikk i hus og heim |
| Favorite movies | Ronja, Emil, Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio, Anne fra Bjørkely, Sarah fra Avonlea, Elina, Pingvinenes marsj, Pride and Predjudice, Sense and Sensibility, Lassie og Silkesvarten (DÅ græt eg så det silar!) |
| Favorite music | Bach, Vivaldi, Mozart, Eva Cassidy, Mindy Smith, Alison Krauss, Nanci Griffith, Joni Mitchell, Melody Gardot, Mark Knopfler, The Beatles, Vamp, Kari Bremnes, Odd Nordstoga, Evert Taube |
| Favorite books | Dikt i samling: Olav H. Hauge, Hans Børli, Halldis Moren Vesaas, Rolf Jacobsen, Fuglane (Vesaas), Godnatt Mister Tom (Magorian), Saman er ein mindre åleine (Gavalda), Ronja Røverdotter (Lindgren), Nattradioen (Brottveit), Guden for små ting (Roy), Diseases of sheep (Aitken) ;-) |
